I dag er Espen banemontør
Etter to år på skule og to og eit halvt år i lære er Espen Hirth (20) i mål. Fagprøven som han har jobba med den siste veka er godkjend, og han byrjar i fast stilling som banemontør.
Arna i Bergen: Utanfor verkstadbygget ved jernbanesporet står to karar og sagar så flisene fyk. Espen Hirth og Ole Mestad gjer klar delane til ein ny planovergang. Dette er den praktiske delen av fagprøven til Espen. Ole, som har vel eit år igjen som lærling, er med som hjelpemann. Dei reknar og måler og dobbeltsjekkar for å få delane til å stemme.
Frå plan til resultat
– Det er krevjande å få rett høgde på plankedekkjet. Men den største utfordringa er alt papirarbeidet som høyrer med, synest Espen. Han skal både planleggje arbeidet, lage HMS-plan og Sikker-jobb-analyse og sikre at alt skjer i tråd med det tekniske regelverket som gjeld for jernbanen.

Espen har vore interessert i tog sidan han var liten og har både far og storebror i same sektor. Han valde bygg- og anleggsteknikk ved Arna vidaregåande skule og var utplassert på jernbanen ei veke kvar månad. Etter ein periode som lærling i Veidekke kom han til Bane NOR hausten 2018.
– Jobben er veldig variert. Eg har lyst til å fortsette på Bergensbanen når eg får fagbrevet, seier han.
- Vil du vite meir om fagutdanning på jernbanen? Sjekk banefag.no
Trygge lærlingar
Per Ove Østerud frå Oslo er den som avgjer om Espen har nådd målet sitt. Dei siste ti åra har han vore sensor for meir enn 100 lærlingar i banemontørfaget.
– Nivået er høgt no, både på lærlingane og rettleiarane deira i bedriftene. Mitt inntrykk er at lærlingane her vert tekne godt vare på og får vere med på det meste. Dei verkar trygge og har gode haldningar til faget sitt, rosar han.
– Kva slags personar passar som banemontør?
– Du må trivast ute i vêr og vind. Du må like allsidig arbeid og tole uventa situasjonar, til dømes akutte feil som må fiksast raskt. Du kan ikkje alltid planleggje fleire dagar fram, påpeikar Østerud.
Espen og Ole er samde.
– Du må også vere praktisk anlagt og innstilt på å jobbe turnus og ein del nattskift, seier Ole.
– Jo meir aktiv du er sjølv, jo meir får du vere med på. Då får du mange spennande utfordringar, legg Espen til.